Gunvor Eldegards flaggappell
1. mai 2020
1. mai 2020 ble en annerledes 1. mai. På grunn av Korona-epedemien måtte vi feire digitalt. Flaggheisingen ved Folkets Hus med musikk fra Johnny Palmar Hide og flaggappell fra Gunvor Eldegard ble gjort uten publikum og selskapeligheter, men sendt via Facebook og Youtube. Her kan du lese manuset fra talen som Gunvor holdt:
1.mai 2020 Trygghet for arbeid og helse
Gode vener:
Gratulerer med dagen!
I år står me saman, kvar for oss for trygghet i ei krevjande tid.
Trygghet for arbeid, og trygghet for helse.
Men du skal ikkje stå aleine!
Her i Norge - og i verda rundt oss er det krise på grunn av koronaviruset og økonomisk krise på grunn av smittevernstiltaka. Me ser rekordhøge tal med permitterte og mange bedrifter som er under stort press.
Mange bedrifter fekk forbod om å jobbe. Fotpleiar Lisbeth, hudpleiar Anne, frisør Hilde og osteopat Karina. Heldigvis har dei fått starta opp att no, men ein månad utan arbeid og inntekt er tøffe tak uansett.
Krisa har berørt mange – teknologibedriftene som lever av eksport, oljenæringa, butikkane som ikkje har hatt kundar og mange industribedrifter. Det kan ende opp med ei langvarig arbeidsløyse og ein langvarig svekka økonomi.
Me har har hatt kriser før og kome gjennom det. Under finanskrisa sa daverande statsminister Jens Stoltenberg at Norge skulle gå ut av finanskrisa med minst arbeidsløyse i Europa. Det greidde me.
Difor må me sette inn sterke krisetiltak no og for å få hjula i gang att.
Da er det viktig at på Stortinget, i fylka og i kommunane har Arbeiderpartiet stått på og skal stå på for å sikre sosial rettferd i tiltaka, for å sikra vanlege arbeidsfolk ein trygg økonomi og for at ingen skal stå aleine i denne tida.
Vanlige arbeidsfolk tek støyten for å holde samfunnet i gang, i fronten mot sjukdommen på sjukehusa, på sjukeheimane, ambulansane og resten av helsevesenet. Og i butikkane for at me skal ha tilgang til nødvendig utstyr og mat, i transport, i barnehagar og skuler, i politi og brannvern, i reinhald og mange andre bransjar. Kamerater, i dag er dykkars dag. De står ikkje alene. Ein samla arbeidarbevegelse står saman med dykk!
Fellesskapet me har bygd i Norge er no viktigare enn på lenge. I krisetider ser me verdien av sterke fellesskap og av ein sterk, offentleg velferdsstat.
I arbeidslivet er det trepartssamarbeidet og eit organisert arbeidsliv det me vender oss mot. Difor vil Arbeiderpartiet gjera fellesskapet vårt enda sterkare – forsvare den norske modellen, som no blir satt på prøve, og som no leverar.
***
Situasjonen er alvorleg. Frå det vart erklært ein pandemi tidleg på nyåret har me sett aukande utfordringar og desperasjon over heile verda. Ein intens kamp her og i landa rundt oss for å halde pandemien innafor rammene helsevesenet vårt kan tåle.
Det erinnførtsværtstrengetiltak for å stanse smitten. Og folk i Norge har oframykje. Dei har ikkje sett familieogvenner. Dei har halde avstand. Heimekontor, heimeskule og heimebarnehage. Alle har fått merka det. Og alle har stilt opp i dugnaden. Ogsolidariteten har gittgoderesultat.
I dag tenker me på dei som er sjuke. På dei som har mista nokon kjære. Og på dei som har mista jobb eller inntekt , og på alle dei som held hjula i gang i denne krevjande tida.
Kjære vener,
Når den akutte krisa er over må samfunnet byggast opp att. Det er store skader på små og mellomstore bedrifter, og også nokon av dei store. Oljeprisen er rekordlåg. Oppbygginga blir ei stor oppgåve.
Arbeiderpartiet vil ta leiarskap i den jobben, både på Stortinget, i fylker og kommunar. I partnarskap med fagbevegelsen må vi saman finne måter å stimulere økonomien på, hjelpa folk tilbake i jobb og bidra med kompetanse og kunnskap.
Arbeid til alle er jobb nummer 1!
Me arbeidar for ein aktiv næringspolitikk der staten saman med privat kapital bidreg til å få bedrifter i gang igjen og til å vidareutvikle tenestesektor og industri.
Koronakrisa har gitt Norge mange nyeheltar. Helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, legar, reinhaldarar, portørar ogalleandresom held hjula i gang på norske sjukehus. Tilsette ibutikkar. Vektarar.
Dei som tek ein for laget.
Alle de som no held hjula i gang under koronakrisa skal veta at Arbeiderpartietgjer det som står ivårmakt for å gje godetryggearbeidsplassar med heile, faste,
stillingarogsåetterdennekrisa. Me skal fortsette arbeidetivårekommunar, for å gje dei tilsette i dei kommunalehelsetenestene heile,
fastestillingar. Me har ikkje tenkt å gje oss. Mange har klappa for helsefagarbeidarar i desse dagar. Det fortener dei og det er viktig, men det viktigaste er at dei har ei lønn å leva av og heile faste stillingar.
Det skal me bidra til, no iopposisjon, ogetter 2021 frå regjeringskontora. Ingen i Norge skalværeutryggepå om dei har ein jobb å gåtilellereilønn å leve av. Ikkjeikrisetid, ikkjeioppgangstid.
***
Mange erpermittert, mange har mistajobbenog mange erredde for om jobben ventar på dei nårkrisaer over.
Til dei må me som fellesskap gjera det me kan både for å redde liv og for å redda arbeidsplassar og for å gje trygghet so best me kan i en utrygg tid.
Vår beskjed er:
Du står ikkje alene.
Du skal ikkje stå alene i tida som kjem.
Til ungdommen. Helseminister Høye sa det så fint her om dagen. No er det på høg tid at me takkar ungdommane våre. Dei har ofra mykje. Når du er ung bryr du deg berre om det som skal skje i morgon. Det er alt for lenge til neste vår. Mange draumar har viruset stoppa. Alle de unge får ein anleis vår.
Men det me kan gjera er å sørga for at de ikkje får stopp i utdanninga. At me satsar på lærlingar. At dei lærlingane som har blitt permittert får ein skikkeleg alternativ opplæring. At fylke og kommunar tilset mange lærlingar. Det skal Arbeidarpartiet sørga for i Viken og i Nordre Follo.
Gode vener:
Det er også viktig at me har tankar om verda rundt oss. Eg tenker på barna i Moria-leiren. Nordre Follo Ap har jobba lokalt for at me skal henta barn frå leirane, og no er stortingsgruppa på gli. Og det skulle berre mangla – Morialeiren, der Europa sluttar. Dette er vår yttergrense. Den grensa er barn med skabb som søv på bakken. Den er barn som leikar i ein leir som liknar ein einaste stor søppelplass. Den er barn som ikkje går på skule. Den er barn som lever i lukta av avføring.
Den er barn som har sett familiemedlemmer bli drept, før me svarte på deira skrikande sorg med å fange dei i Moria.
Det er barn som treng vår solidaritet! Me i Nordre Follo Arbeidarparti skal forsetta å kjempa for dei barna! La dei barna også kjenne fellesskapen! La dei barna også forstå at dei ikkje skal stå aleine.
……………………
For det skal det handla om i dag. Me skal stå saman politisk i ein felles kamp i ei krevjande tid. Me løftar i flokk. For trygghet. For arbeid og helse! For alle. Gratulerer med dagen!Her kan du se video fra flaggheisingen og appellen: